TANKER VED EI BARNESENG

Jeg ryddet litt i noen papirer og kom over dette nydelige diktet, som jeg hadde fått på mail for fem år siden.

Jeg søkte på google og kom først til denne fine bloggen http://bdicte.blogspot.com/

Prøvde å søke på nytt, men kom bare til den bloggen som Bdicte hadde lenket sin til, nemlig http://christinesinterior.blogspot.com/

Men: hvem er forfatteren?

Tanker ved ei barneseng

Det er kveld, eg står ved senga til guten min.
Eg undrande ser, er du sovna alt, sovna
Før eg rakk inn å be kveldsbøn med deg
–Og seia godnatt?
Det er berre ei lita tid sidan du ropa:
«Kom inn til meg mor, det er noko eg vil seia deg».
Røysta mi var vel litt trøytt, litt hard
Då eg svara: «Ja, vent no litt,
– Eg lyt rydda etter deg først».
Der låg leker og bøker og klær overalt.
Eg rydda og kav, «sjå no er eg ferdig,
– No kjem eg til deg».
Då svara du ikkje, nei for du søv.
Eg vart så liten, så fattig så veik.
Her eg står ved du kvite seng,
Du trudde vel det no at mor deg sveik.
Kvifor gjekk eg ikkje med det same du ropa?
Eg kunne vel rydda etterpå då du var sovna.
No fekk eg ikkje veta kva det var du ville.
Var du sorgfull for noko, eller glad?
Skulle du fortelja om den vesle daude fuglen du fann på vegen,
eller kor katten gjekk hen
Då du let han ut i stad?
Skulle eg fortelje om engler, om himlen,
– Eller om stjerna som tindra so klårt?
Eg får kje veta det no, du søv.
Snart er du stor, vert vaksen, fer ut.
-Du treng ikkje ropa på mor.
Du er ikkje lengre min vesle gut, eg veit vel knapt-
Kvar du for, her eg sit aleine i stova.
Ho er fjelga og fin no
– Der ligg ikkje leiker og sleng.
Då tenkjer eg vel: Kvifor masa eg slik?
Kvifor hadde eg så lita ei tid?
Kva gjorde vel rotet mot det å få kjenna-
To barnearmer om halsen min,
Og ein munn så varm imot øyra kviskra:
«Mor eg er guten din».
Eg luter meg ned. Då ser eg ein tåre som ligg
Her på kinn. Ho bivrar og skjelv før ho renn.
Eg stryk deg så fint over luggen din.
«Tilgjev meg, guten min».
Då våknar du brått og sler auga opp.
Du dreg meg så fast ned til deg.
Og munnen kviskrar mot kinnet mitt:
«Eg er så glad i deg mor, det var det eg ville seia deg.»
Advertisements

2 kommentarer

Filed under Barn

2 responses to “TANKER VED EI BARNESENG

  1. Vidar

    Vakkert Kari Anna, vakkert! Lett å bli berørt av ei så nensom stemme 🙂

  2. Utrolig vakkert. Aner ikke hvem som har skrevet det, men det var veldig fint skrevet. Når man googlet det nå, kommer man til deg.;)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s